Internett og Get

Internett vil ikkje virke

Get TV

Me har samla ei 'smørbrødliste' over 90% av dei mest vanlege feila me har opplevd i kundesamanheng dei siste 15 årene. Her er dei delt inn i fem forslag, som kanskje vil få deg på lufta igjen.

1. Har du prøvd å starta datamaskina på nytt?

2. Er den trådlause forbindelsen skrudd av på datamaskina?

3. Om den trådlause forbindelsen detter ut til stadigheit, er det forstyrrelser i lufta. Sjå til at det ikkje er noko utstyr i heimen som går på trådlause signal, og om så er så skru desse av og prøv på nytt. Om problemet endå er der, kan det være andre trådlause rutarar i nabolaget som lager forstyrrelsen, og då må du ta kontakt med Kinsarvik Breiband så skal me flytta deg over på ein annan frekvens.

4. Er det straum/lys på utstyret vårt? Og, om så ikkje er, står straumkabelen i? Om det så gjere, så ta kontakt, då det hender av og til at utstyret kan "takka for seg".

5. Ein sjelden gong, så kan det være naudsynt å starte utstyret til Kinsarvik Breiband på nytt. Trekk då ut straumtilførsel på både ruter og utedel/kabelTV boksen, sett det inn igjen og vent eitt minutt før du prøver att. N.B: IKKJE under nokon omstendigheit fall for freistinga å trykke inn "reset" knappen på ruter eller modem. Er så gjort, ta kontakt med oss, og me skal programera utstyret vårt på nytt.


For å konfigurere din GET pakke, klikk HER!