Informasjon om datainnbrudd hjå Telia

Informasjon om datainnbrudd hjå Telia

Telia Noreg har vorte utsett for eit datainnbrot som har ført til at kundedata er stolne. Våre undersøkingar viser at det er snakk om namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer og fødselsdato til privatkundar som har TV frå Telia.

Sidan Telia er leverandør av TV-tenester hos oss, kan enkelte av våre kundar også vere omfatta.
Dette er imidlertid ikkje verifisert på noverande tidspunkt. 

Telia ser svært alvorleg på denne situasjonen og har mobilisert betydelege ressursar for å handtera dette. Det er allereie gjennomført tryggingstiltak for å redusera moglegheita for misbruk av kundedata. Selskapet samarbeider vidare tett med styresmaktene, og hendinga er under etterforsking av politiet. Me er også i tett dialog med Telia i denne saka.

Du treng ikkje å gjera noko, men me oppmodar alle til å vera ekstra merksame på moglege svindelforsøk. Me beklagar på det sterkaste dei ulempene og den belastninga hendinga kan føra med seg for deg.

Du finn meir informasjon om datainnbrotet, og tips og råd mot svindel, på nettsidene til Telia:
https://www.telia.no/hjelp/datainnbrudd/

Me vil halda fram med å informera deg dersom det kjem ny og relevant informasjon.

 

Venleg helsing

Hardanger Energi Breiband