Kinsarvik Breiband AS
Postboks 15, 5782 Kinsarvik
Tlf: 41 14 61 78 eller 41 14 61 79
support@kinsarvik.net

Kinsarvik Breiband

Sal og reparasjon av PC

Me har 01.01.2010 fått med oss Petter Ulriksen og hans firma inn i Kinsarvik Breiband AS, og har no gleda av å vera eit lokalt fullsortiment som både kan levera breiband, men også nysal og reparasjon av PC og anna pereferi utstyr.

Petter Ulriksen har dei siste tre åra dreve sitt eigen verkstad og liten butikk nær Hovland, og er framleis lokalisert der. Her vert det reparert datamaskiner, skjermer, skrivere og anna pereferi utstyr. Det vert solgt bærbare PC'er av merkene (etter nøye monitorering av kvalitet i marknaden) Toshiba, HP, Lenovo og Fujitsu. Dernest, så vert alle stasjonære PC'er som vert seld, byggd frå bunn av Petter Ulriksen der det vert handplukka deler for å få dei beste resultata og mest glede av dei som skal nytta ho. Hausten 2009 vart stasjonær PC nr 500 byggd og levert til ein kunde her i fjorden. Alle typar PCer kan byggast, alt frå dei bittesmå til dei verkeleg store spele PCene. Me har no spesialisert oss på alle felt, frå kontor, heime, spele og no Media Center PCer. Filosofien er enkel, kunden har ønsker, og me tilpasser dette til kunden, akkurat slik ein vil ha det.

Me har til einkvar tid inne slike ting det gpr mest av, typisk bærbare datamaskine, stasjonære, skrivarar, skjermer, minnepenner, eksterne harddisker, mus og tastatur. De me ikkje har inne, får me fort tak i. Ta kontakt med oss, så kan me kome med eit uforpliktande tilbod til deg.

Telefon : 928 43 617 - Petter Ulriksen - petter@kinsarvik.net